Breheimsenteret

Breheimsenteret er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar som brevandring, kajakk og rafting i Jostedalen. Det karakteristiske bygget rommar mange funksjonar for tilreisande og lokale, og har ei fantastisk utsikt til Nigardsbreens blåis. Den interaktive utstillinga frå Jostedalen, Jostedalsbreen og Breheimen har særleg vekt på isbrear og klima. Som ein del av utstillinga er det ein eigen kinosal som tek deg med på ei reise rundt dei mektige isbreane gjennom årstidene, frå sumar med brevandring på blåis til vinter med skikøyring i laussnø.

Breheimsenteret vart ferdigstilt første gong i 1993, etter teikningar frå Rolf Sande, Arkitektkontoret A38. I 2011 brann bygget ned til grunnen, og det nye bygget vart opna i 2013. Sidan 1997 har Breheimsenteret vore eit autorisert vitjingssenter for nasjonalpark med særskilt ansvar for natur- og miljøformidling frå nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen.

      

   

Åpningstider

1.mai- 20.jun:   10.00-17.00

21.jun-25.aug:   09.00-18.00

26.aug-30. sep: 10.00-17.00

 

  • Turistinformasjon
  • Booking av breturar, kajakkturar og rafting
  • Interaktiv utstilling
  • Film
  • Matservering
  • Suvernirbutikk
  • Vitjingsenter for Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalparkar
  • Nigardsbreen- ei innføring i brelære og lokalhistorie

kontakt

Breheimsenteret

6871 Jostedal

jostedal@jostedal.com   

(+47) 57 68 32 50