Breheimen nasjonalpark

Frå SprongdalseggiVillreinen sitt område har eit variert planteliv knytt til høgfjellsmiljø, rasmarker, gamal furuskog, kalkrik bjørkeskog, rik og gamal edellauvskog, fosserøyksoner og breelvdelta.

Norge har eit internasjonalt ansvar for å sikre villreinen sine leveområde. I høgfjellet er det eit relativt sparsamt dyreliv utanom villrein, men fleire av dei store rovdyra (særleg jerv), rovfuglar (kongeørn, jaktfalk og fjellvåk) og andre raudlista fugleartar finst her.

Folket som bur kring Breheimen nasjonalpark har gjennom tidene vore sterkt knytte til fjellet, med jakt, fiske, stølsdrift og gjennom ferdsel mellom Aust- og Vestlandet.

Her er mange kulturminne og spor etter villreinfangst, både lausfunn som til dømes (pilspissar) og permanente jakt- og fangstinnretningar. Særleg dyrefangstgravene skil seg ut. Jakt på villrein skjer også i dag og er ein uavbroten tradisjon på ni tusen år. Det finst spor etter tre sælehus i Breheimen, overnattingsstader på fjellvegane frå middelalderen.

Det er mange stølar med bygningar som vert tekne vare på og brukt, eksempelvis i i Vigdalen i Jostedalen. Her vil du møte beitedyr om sommaren, både sau, geit og kyr.

  • Villreinen sitt tredje største leveoområde i Noreg
  • 1691 km2
  • Les meir om Breheimen nasjonalpark
  • Lær meir om nasjonalparken i utstillinga