Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalparkJostedalsbreen nasjonalpark – urørd natur frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell. 

Den enorme spennvidda i naturtypar over korte avstandar skuldast store variasjonar i lokalklima, store høgdeskilnader og påverknad frå breane. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengd på vel seks mil og omlag halvparten av nasjonalparken er bredekt. Brear, danna av vinterens snøoverskot, og vatn har forma eit landskap av U-forma dalar, morenar, blankskurde fjellsider, breelvsletter, rasmarker og urer, og det er stadig i endring. Området er kjenneteikna av sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsider og dalar.  Jostedalsbreen er ein platåbre med mange brearmar frå omlag 300 til 2,000 moh. Mykje av Jostedals-breområdet sin nasjonale verdi for naturvern og friluftsliv ligg i at området er eit av dei største vi har att i Sør-Noreg med samanhengjande urørd natur.

Kulturlandskapet med gardar, stølar, bjørkehagar m.m. vitnar om at menneska har livnært seg «under breen» frå langt tilbake. Jordbruket er levande i bygdene rundt nasjonalparken. Berre på nokre få stølar har stølsdrifta overlevd omlegginga til moderne jordbruksdrift. låglandet veks frodig edellauvskog med alm og lind og varmekrevjande planter som breiflangre og vårerteknapp, medan 1500 m «rett opp» veks alpin vegetasjon med t.d. issoleie og greplyng

Tidlegare var Jostedalsbreen ferdsels- og drifteveg frå vestlege dal- og fjordstrok til indre Sogn og Austlandet. Kyr og hestar vart førde over breen for å seljast på marknad på Austlandet. I dag ville det vere vanskeleg å nytte breen som drifteveg, då breen er mindre og dermed brattare og med fleire sprekker.

Nyare forsking tyder på at Jostedalsbreen var heilt vekksmelta for 8 000–5 000 år sidan. Breen nådde eit nytt maksimum i «den lille istida» kring år 1750. Fleire stader vart då gardar tekne av den framrykkande breen: Brenndalsbreen sine ismassar kalva ned på garden Tungøyane i Oldedalen og garden Nigard vart rasert av Nigardsbreen.

  • Jostedalsbreen- største isbre på Europas fastland
  • Stort område med heilt urørd natur
  • 1310 km2
  • Les meir om Jostedalsbreen nasjonalpark