Servering

I lunsjrestauranten serverast heimelaga mat frå lokale råvarer som kan nytast med utsyn til den vakre Nigardsbreen, ein av dei mange brefalla som kjem ned frå Jostedalsbreen. Det finst eit breitt utval av kalde og varme rettar og kaker, alt laga frå botn, og noko for einkvar smak.

Lunsjrestauranten har høve til å ta imot både små og store grupper. Breheimsenteret er gjerne vertskap for seminar og møter.

  • Kalde og varme rettar
  • Lokalmat
  • Lunsj og middag
  • Bestilling av lunsj, matpakke eller middag for små og store grupper
  • Møter og seminar
  • Søndagsmeny- sjå www.facebook.com/breheimsenteret