Interaktiv utstilling og filmvisning

Breheimsenteret er eit autorisert vitjingsenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Desse to nasjonalparkane har 9 av dei 30 største breane i Noreg, deriblant Jostedalsbreen som er den største med sine 474 km2. Utstillinga viser på ein spanande, informativ og interaktiv måte korleis breane og klimaet har endra seg gjennom historia, det breforma landskapet, korleis det er å bu ved breane og korleis utnytte ressursane rundt breane. Utstillinga syner noko av den mest varierte naturen vi har i Noreg, frå dei frodige djupe dalane til karrig høgfjell og isbrear.

Som ein del av utstillinga er det også ein lysbiletefilm i eigen kinosal som tek deg med på ein reise under, på og rundt dei mektige isbreane gjennom dei ulike årstidene.

 

  • Lær korleis brear blir laga og korleis dei formar landskapet
  • Utforsk klimaet i endring
  • Interaktiv utstilling
  • Kinosal
  • Isgrotte

Prisar

  • Vaksne: 70 kr
  • Born under 10 år: Gratis
  • Born, honnør, student, grupper: 40 kr