Opplev spaninga ved å vandre i blåis, høyr isen smelte og sjå det vakre landskapet skapt av ein isbre gjennom tusener av år på nært hold. I Jostedalen ligg Nigardsbreen, den lettast tilgjengelege isbreen i Noreg, og fleire andre brearmar frå Jostedalsbreen det er mogleg å vitje.
Vi tilbyr korte og lengre brevandring med erfarne og kunnskapsrike breførarar, i små eller store grupper. Nødvendig utstyr lånar vi ut, og saman vandrar vi i blåisens fantastiske formasjonar. Vi held også kurs i breferdsel for nybyrjarar og vidarekomne, og held intruktørkurs bre.
I april og mai legg vi ut på vårens vakraste eventyr- Josten på langs- og du kan vere med! I løpet av tre dagar opplevar vi Jostedalsbreen frå toppen, med start i Jostedalen og avslutning i Fjærland, frå høgfjell til fjord.
Gletscherkurs og instruktørkurs bre