Fjellturar i og rundt Jostedalen

Gå på eigenhand på gode stiar og i spektakulært turterreng, legg turen opp til ein støl med dyr, inn til breen eller opp på ein fjelltopp med vidt utsyn. Det er spanande å utforske Jostedalen på eigenhand for små og store, og her er nokre tips til starten. Under “Turskildringar” er 14 fotturar og tre sykkelturar i Jostedalen skildra. Turane er delvis merka, og på gode stiar.

Vegen til Myri er brøytt om vinteren (50 kr bomveg) og er eit godt utgangspunkt for skiturar i Geisdalen og Vanndalen. Sumarstid er Vanndalen, Fagredalen og Styggevatnet gode utganspunkt for turar i høgfjellet. Det er fleire turisthytter i nærleiken, sjå DNT sine sider for meir info om desse. 

Ønskjer du ein førar til å vise deg den fantastiske fjellverda, ta kontakt på med post@jostedalsignatur.no