Jostedalen Breførarlag

Med stegjern på Nigardsbreen

 Jostedalen  Breførarlag tar deg med på  vandring i blåisen på  Nigardsbreen, den lettast  tilgjengelege breen i Noreg.

Vi tilbyr korte og lengre turar med erfarne og kunnskapsrike breførarar, i små eller store grupper. Nødvendig utstyr lånar vi ut, og saman vandrar vi i blåisens fantastiske formasjonar. Turane kan bestillast same dag, men for å vere sikra akkurat den ønska turen er det lurt med avtale på førehand.

I april og mai legg vi ut på vårens vakraste eventyr- Josten på langs- og du kan vere med! I løpet av tre dagar opplevar vi Jostedalsbreen frå toppen, med start i Jostedalen og avslutning i Fjærland, frå høgfjell til fjord.

Vi held også kurs i bre- og fjellferdsel for nybyrjarar og vidarekomne, og tilbyr fjellføring og klatring i Jostedalen og områda rundt.

Jostedalen breførarlag logo

Kontaktinformasjon

Jostedalen Breførarlag AS

Adresse: N-6871 Jostedal

post@bfl.no
(+47) 57 68 31 11
Opningstid: 10:00–17:00

www.bfl.no

 

NIGARDSBREEN

  • Familietur
  • Kort blåisvandring
  • Lang blåisvandring
  • Blåistur- spesial

JOSTEDALSBREEN

  • Josten på langs