Jostedalen- bygda under breen

Jostedalen ligg langstrakt nordover frå Sognefjorden, med Jostedalsbreen som næraste nabo. Mellom dei to nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen ligg denne vakre bygda, med levande landbruk og mektige brear. Lenge har Jostedalen vore mykje besøkt sumarstid, både frå inn og utland, på grunn av den enkle tilkomsten til og brevandring på Nigardsbreen. Men bygda har mykje meir å by på, sumarstid både kajakkpadling, rafting, fjellturar, klatring og vinterstid skikøyring, toppturar, blåisgrotte, trugeturar for å nemne noko.

Opplev Jostedalen vinterstid

Bli med på trugetur til Molden eller til blåisgrotta under Nigardsbreen. Begge turane er gjennomførbare for personar i normal fysisk form, og nødvendig spesialutstyr er inkludert.  På ei langhelg kan begge turane kombinerast med overnatting på hotell eller camping. For påmelding kontakt

mail@jostedalsignatur.no 

Jostedals historie

Jostedalen blei hardt råka under den vesle istida då breane var på framrykk, og i nokre tilfelle knuste gard og grunn. Soga om Jostedalsrypa, korleis ei einaste jente i Jostedalen overlevde svartedauden er kanskje den mest kjende historia frå Jostedalen, og finst i mange variantar. Jostedalen har ei spanande histore, og mykje av det er samla på nettsidene til  Historielaget i Jostedalen.

Landskap i Luster

Landskap i Luster er eit resultat av prosjektet “Naturarven i Luster”, og er ei rundreise i Luster til ulike stader der kjende malerier er mala. Gjerde og ved Breheimsenteret er slike stader, og i appen “Landskap i Luster” finst det quiz om rundreisa og meir informasjon.