Opplev Jostedalen

Jostedalen byr på fantastisk natur omgitt av Jostedalsbreen og Breheimen Nasjonalparkar og dei store naturopplevingane er nære. Å ferdes i dette fjellandskapet, som er utskåre av breane over mange tusen år, med djupe dalar, lange brear og høge tindar, er ei oppleving som kan fortelje korleis breenes herjingar har prega landskapet og dei lokale levevilkåra gjennom tidene. Det finst uendeleg med moglegheiter for å gå inn i naturen på eventyr, på eigenhand eller saman med ein lokalkjend fjellførar.

Nigardsbreen er ein av dei lettast tilgjengelege breane i Noreg, og her er brevandring mogleg frå mai til oktober. Litt seinare i sesongen er kajakkpadling på Styggevatnet og Tunsbergdalsvatnet kombinert med brevandring spanande opplevinger. Erfarne førarar tar deg med til fjells både sumarstid, og vinterstid med ski og truger. På Breheimsenteret, som er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen kan du lære mykje om natur og kultur i og rundt Jostedalen om du tar ein runde i utstillinga og får med deg filmframsyning.

Vinterstid er Jostedalen velsigna med mykje snø,  og har uendeleg med skimoglegheiter. 2-3 meter snø på flatmark er ikkje uvanleg og fossane frys allereie i november. Det finst både oppkøyrde langrennsløyper og oppvarma basseng som er åpent ein dag i veka, og Lustrabadet ligg berre ein halvtimes køyring unna.

Sommar

  • Brevandring
  • Kajakkpadling
  • Merka stiar til fjells
  • Rafting
  • Klatring
  • Fiske i elv og fjellvatn, fiskekort kan kjøpast på hotellet

Vinter

  • Turar til blåisgrotta
  • Snøsikkert
  • Skiturar
  • Topptur
  • Trugeturar