Trugetur til Molden

Ei perle i verdas vakraste fjordlandskap, og Sognefjordens beste utsikt

Med sine 1118 m.o.h. står fjellet Molden som ein majestet over Lustrafjorden innst i Sognefjorden. Utsikta ned stupbratte fjellsider og utover storslåtte fjordlandskap med brear og tindar i det fjerne er fantastisk. Ta ein dagstur eller overnatt i Jostedalen og gå til topps på Molden.

Turen til Molden er lett gått for personar i normal fysisk form, og varar i 5-6 timar. Når snøen ligg nyttar vi truger eller ski, og er det bart går turen langs ein god sti.

På forespørsel legg vi turen til andre fine turmål, på beina, på ski eller på truger!

 

  • Pris: 850,- pr. pers
  • Påmelding 3 dagar før 
  • post@jostedalhotel.no