1. Heim
  2. Overnatting

Overnatting

Aust for Jostedalsbreen og lengst inne i Sognefjorden kan du bu og ete godt. Ver heilt nær fleire spennande aktivitetar og utforsk naturen på eiga hand, sommar som vinter.
a

Meny

Langsua nasjonalpark

Kontakt oss

Breheimsenteret
6871 Jostedal
T: 57 68 32 50
E: jostedal@jostedal.com

M

Meny

Title Address Description
Nigardsbreen
M6H3+JM Mjolver, Norge
Breheimsenteret
Brevegen 8, 6871 Jostedal, Norge
Jostedal hotell
Jostedalsvegen 3055, 6871, 6871 Jostedal, Norge
Jostedal camping
Jostedalsvegen 3041, 6871 Jostedal, Norge
Luster byr på mange flotte overnattingsstader. Vil du ha kort veg til breaktivitetar og fjellturar, kan vi anbefale Jostedal Hotell og Jostedal Camping som held sentralt til på Gjerde. Her finn du triveleg vertskap, og på hotellet får du servert middagar året rundt. På Gjerde finn du òg butikk og bensinpumpe, og det er eit flott utgangspunkt for fjellturar og rafting i Jostedøla.
Elv og campingplass i Breheimen

Jostedal hotel

Jostedal Hotel er eit naturlig samlingspunkt for både lokale gjestar og turistar frå fjern og nær, så vel som fjell- og breførarar. Her møtest ein etter ein lang dag på breen eller i fjellet og slappar av på terrassen i triveleg selskap.

Hotellet er kjent for personleg service, god heimelaga tradisjonsmat og ein stor frukostbuffé. Jostedal hotell satsar på lokalmat, med alt frå tradisjonsrik norsk bondekost til à la carte-meny. Dei nyttar eigenproduserte råvarer frå Gjerde Gard og lokale produkt frå regionen rundt.

Bilde av hotellrom ved Jostedalen hotell

Jostedal camping

Jostedal Camping ligg idyllisk til der Krundøla renn ut i hovudelva i Jostedalen. Campingplassen er eit godt utgangspunkt for fjell- og breturar, rafting og kajakkpadling i Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalpark. Jostedal Camping ligg sentralt med berre 150 m til kolonialbutikk, bensinpumpe og hotell med kafé, med god, heimelaga mat. Vertskapet tar godt vare på deg og gjer alt for at du skal ha eit hyggeleg opphald.

Utsikt mot fjell gjennom vindu på Jostedal camping

Anna overnatting

I Jostedalen finst det fleire overnattingsmoglegheiter.

Villa Fjellheim er næraste nabo til Breheimsenteret og er eit gamalt pensjonat frå 50-talet, no renovert og framstår som ein vakker villa. Med utsikt til Nigardsbreen og ein stor hage, ligg forholda til rette for grupper, storfamilie eller dei som berre ønskjer ekstra plass, sommar eller vinter.

Det er fleire hytter i fjellet som ein kan leige, besøke på dagstur eller overnatte på som ein del av ein kortare eller lengre tur i Breheimen. Jostedalen er eit fint utgangspunkt for å komme inn på rutenettet til DNT i Breheimen.

Hytte i fjellet

Arentzbu: DNT Oslo og Omegn si hytte i Rausdalen. Hit kjem du frå Fåberg i Jostedalen (ca. 6 t) eller Sprongdalen (ca. 6 t). Bruk ut.no for å planleggje turen.

Sprongdalshytta: Frå Viva i Jostedalen er det 1–2 timar å gå opp til hytta i Sprongdalen.

Vigdalsstølen: DNT Oslo og Omegn si hytte i Vigdalen. Hit er det berre 1 time å gå frå Vigdalen i Jostedalen.

Fivla: Luster turlag si hytte i Vigdalen, hit er det 1–2 timar å gå frå Vigdalen i Jostedalen.

Holmevasshytta: Jostedal Fjellstyre si hytte ved Holmevatnet i Breheimen, ca 1 t gange frå Fagredalen (Fåberg) sumarstid. Avtale om lån av nøkkel på Jostedal Hotell.

Styggevasshytta: Jostedal Bygdelag si hytte ved Styggevatnet. Hit er det ca. 1 t å gå frå demninga. Avtale om lån av nøkkel på Jostedal Hotell.

Spørteggbu: Open naudbu

Steinmannen: Open naudbu

Familie foran en hytte i fjellet.

Informasjon om fricamping

Jostedalen ligg omkransa av Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark, og naturen er sårbar også utanfor verneområda. Vi vil oppfordre besøkjande i Jostedalen til å nytte seg av tilboda vi har med både hotell og campingplass sentralt i dalen. Skal du campe utanom campingplass, må du ta omsyn til dette:

 

  • Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i naturen dersom ferdselen er omsynsfull. Set deg derfor inn i Allemannsretten når du skal feriere i naturen.
  • Plukk opp søppel og kast i offentleg søppeldunk.
  • Bruk offentleg toalett om mogleg og ta omsyn når du er på do i naturen, toalettpapir forsvinn ikkje med ein gong. Det er mange som nyttar seg av naturen i løpet av ein sommar, og det er viktig å ta omsyn til kvarandre og til miljøet.
  • All tømming av campingdoar skal skje på registrerte tømmestasjonar.
  • Det er ikkje lov til å campe i Nigardsbreen naturreservat.
  • Det er ikkje lov til å køyre bil utanfor veg.
  • Respekter skilting og ikkje parker slik at du er til hinder eller sjenanse for andre.
  • Forhøyr deg med lokale om kvar det er greitt campe/slå leir, det skal vere minst 150 m til hus eller hytte.