Jostedal Camping

Jostedal Camping ligg på Gjerde i Jostedalen, nær Jostedalbreen og Breheimen Nasjonalparkar. Campingen er eit godt utgangspunkt for fjell- og breturar, rafting og kajakkpadling.

Jostedal Camping ligg idyllisk til ved elva Jostedøla og har gode tilbod på overnatting i små og store campinghytter. Det er 48 straumuttak for bubilar, campingvogner og telt og gratis Wi-Fi. Sanitæranlegget har godt kjøkken med stort opphaldsrom, toalett og dusjar, også for rullestolbrukarar, stellerom for barn, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.

Campingen ligg sentralt med berre 100 m til kolonialbutikk, bensinpumpe, hotel med kafé med god, heimelaga mat.

4-roms hytter

Bygd i 2007, med 3 soverom og totalt 6 senger. Hyttene har dusj, toalett, fullt utstyrt kjøken med oppvaskmaskin og peisomn i stova. Her er dyner og puter til seks personar, men sengetøy må takast med eller leigast.




1-2 roms hytter

Jostedal Camping har fem eitt-roms og fem to-roms hytter utan innlagt vatn. Desse har 2–4 køyesenger i kvar hytte. Der er kokeplater, kjøleskåp, enkelt bestikk, servise og kasserollar. Det er dyner og puter i alle hyttene, men sengetøy må takast med eller leigast.

Kontaktinformasjon

Jostedal Camping

Gjerde

6871 Jostedal

Norway

 

post@jostedalcamping.no 

(+47) 977 56 789

www.jostedalcamping.no

 

Ope heile året

  • 2,5 km til Breheimsenteret og 6 km til Nigardsbreen
  • Gratis Wi-Fi
  • Sanitæranlegg og oppholdsrom
  • Utsikt mot Vangsen, Geisdalsfossen og Myrhønna

Hytteprisar:

Sjå www.jostedalcamping.no