Jostedal Hotell

Jostedal Hotell ligg idyllisk til i Jostedalen, omringa av Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalparkar. Hotellet er eit flott og moderne hotell med 46 senger, og  er eit perfekt utgongspunkt for lett tilgjengelege fjell- og breturar, rafting og kajakkpadling.

Jostedal Hotell tilbyr både enkelt-, dobbelt-, tvilling- ,  og familierom i tillegg til to-roms leiligheit med kjøken. Alle rom har parkettgolv, tv, og moderne bad. Me tilbyr alt  av nødvendig utstyr til kurs og konferansar, tv- stove og sjølvsagt gratis trådlaust internett.

Hotellet er kjend for personleg service, god heimelaga tradisjonsmat og ein stor frukost-buffét. Me satsar på lokalbasert  mat med alt frå tradisjonsrik norsk bondekost til a’la carte meny. Me nyttar både eigenproduserte råvarar frå Gjerde Gard,  i tillegg til lokale produkt frå regionen rundt.

Jostedal Hotell er eit naturlig samlingspunkt for både lokale gjestar og turistar frå fjern og nær, så vel som fjell- og breførarar. Her møtast ein etter ein lang dag på breen eller i fjellet og slappar av på terrassen i triveleg selskap.

Me lovar deg spanande og koseleg opphald i Jostedalen!

  

 

 

Kontaktinformasjon

Jostedal Hotell

Gjerde

6871 Jostedal

Norway

 

post@jostedalhotel.no

T: (+47) 57 68 31 19

M: (+47) 992 25 049

F: (+47) 57 68 31 57

www.jostedalhotel.no

 

Ope heile året

  • 2,5 km til Breheimsenteret og 6 km til Nigardsbreen
  • Gratis Wi-Fi
  • Utsikt mot Vangsen, Geisdalsfossen og Myrhønna

prisar:

Sjå www.jostedalhotel.no