Turskildringar

 1 Gamlevegen 6,8 km |2 t |UTM 32 V 408889 6829413

Start ved Jostedal kyrkje. Turen følgjer gamlevegen over Styggegjølet. Gamlevegen er godt synleg med murane sine, noko som gir turen eit historisk sus. Høgdeskilnad: 70 m. 

 2 Dalen 2,3 km |2 t|UTM 32 V 409230 682502

Start i Fossøy.  Ein lett tur frå flaumminnesmerket i Fossøy. Frå toppen får du flott utsyn ned att i grenda. Høgdeskilnad: 120 m. 

 3 GJERDE 6 km|2 t|UTM 32 V 408681 6836563

Start ved Breheimsenteret og opplev Jostedalen for eiga maskin! Denne løypa tek deg og familien mellom Gjerde og Breheimsenteret. Høgdeskilnad: 50 m.

 4 Nigardsbreen 10 km|3 t|UTM 32 V 408681 6836563

Start ved Breheimsenteret og gå ein flott tur gjennom Nigardsbreen naturreservat og heilt fram til brefronten av Nigardsbreen. Høgdeskilnad: 20 m.

 5 Bergsetbreen 7 km|3 t|UTM 32 V 403036 6835906

Start ved Bergset. Ein tur som høver godt for barnefamiliar. I enden av den vakre Bergsetdalen ligg den skimrande Bergsetbreen og ventar på deg. Høgdeskilnad: 60 m.

 6 Røykjedalen 4 km|3 t|UTM 32 V 405428 6834880

Start: Snøtun Flott stølstur. På stølen kan du nyte nista medan sauene beiter fredeleg rundt omkring. Høgdeskilnad: 460 m.

 7 Bakkedalen 4 km|3 t|UTM 32 V 408635 6830763

Start i Bakken. Tydeleg sti til stølen i Bakkedalen. Frå stølsvollane kan du nyte utsikta eller gå vidare og ta deg eit bad i Bakkedalsvatnet. Høgdeskilnad: 460 m. 

 8 Holmevatnet 4 km| 2 t|UTM 32 V 414525 6838559

Start: Fagredalen Her startar du over tregrensa og går i høgfjell heile vegen. Holmevatnet er kjent for å vere eit godt fiskevatn, så hugs fiskekort. Høgdeskilnad: 240 m. 

 9 Myrhyrna 5,6 km|3 t|UTM 32 V 412740 6829932

Start ved Vanndalsvatnet Det mest særeigne fjellet i Jostedalen er vorte eit signaturfjell for så vel lokalbefolkninga som kunstnarar. Frå toppen ser du både Jotunheimen og Jostedalsbreen. Ein luftig tur! Høgdeskilnad: 440 m. 

 10 Hytta på Mannen 6 km|3 t| UTM 32 V 412740 6829932

Start ved Vanndalsvatnet. Frå sikringsbua på fjellet Mannen er det flott utsikt til både Jostedalsbreen og Jotunheimen. I hytta kan du ete nistepakka i ly for vêr og vind. Høgdeskilnad: 460 m.  

 11 Haugafjellstølen 5 km|4 t|UTM 32 V 407466 6834372

Start på Gjerde eller Haugen. Sørvend, solrik og til dels bratt tur. Haugafjellstølen er ein av dei mest brukte trimturane i Jostedalen og byr på vakkert utsyn. Mogleg å gå vidare til Haugsvarden. Høgdeskilnad: 480 m. 

 12 Liastølen 3,9 km|2 t|UTM 32 V 408779 6827560

Start: Gardshaugen Flott tur til gamal støl og vakkert kulturlandskap. På Liastølen beiter det framleis både sau og kyr. Høgdeskilnad: 390 m. 

 13 Vassdalen 7 km|3–4 t|UTM 32 V 408779 6827560

Start på Gardshaugen. Fin tur for turvande familiar. Noko bratt sti i eit vakkert beite- og stølslandskap der dyra framleis beiter. Flott utsikt og idylliske omgjevnader der du både kan fiske og bade. Høgdeskilnad: 470 m. 

14 Vangsen 6,6 km|5 t|UTM 32 V 412740 6829932

Start i Vanndalen Vangsen (1757 moh.) er «stortoppen» i Jostedalen, og om sommaren er han ganske lett tilgjengeleg på grunn av den høgtliggjande anleggsvegen. Høgdeskilnad: 710 m. 

Tursykkel

 15 Gjerde–Bergset

Flott sykkeltur inn vakre Krundalen. I enden skimtar du Bergsetbreen, som kan nåast til fots frå parkeringa på Bergset. 

 16 Gjerde–Nigardsbreen

Følg asfaltvegen fram til Breheimsenteret og vidare til parkeringa ved Nigardsbrevatnet. Mykje biltrafikk i høgsesongen. 

 17 Gjerde–Styggevatnet

Denne sykkelturen byr på flott brelandskap opp til Styggevatnet og Austdalsbreen. Nesten 1000 høgdemeter stigning og stadvis bratte bakkar gjer dette til ein relativt tung sykkeltur. Hugs lykt og refleks i tunnelen! 

  • Turtavle ved Jostedal Horell og Breheimsenteret
  • Startpunkt GPS merka
  • Gode stiar
  • Avstandar og tidsbruk er tur/retur
  • Turane er merka i kart